Praktisk hjelp og bistand

Du kan få hjelp til praktiske kvardagsoppgåver som du er heilt avhengig av for å kunna bu i eigen bustad eller omsogsbustad. Dette kan t.d.vere reingjering, sengeskift, handle, lage mat.og styre dagleg økonomi. 

I samtale med deg/dine pårørande /verge vert dine hjelpebehov konkretisert. Vi vil då kartlegge og vurdere kva oppgåver du kan meistra sjølv ved hjelp av tilrettelegging i heimen, nye hjelpemiddel og om hjelpa blir gitt som opplærig eller for å halde vedlike sine dugleikar, eller om tenesteutøver må utføre den praltiske bistanden.

Kven kan få hjelp?

Du bur i eigen heim eller i omsorgsbustad og har bistandsbehov i kvardagen

  • Har ein psykisk utviklingshemming eller er ung vaksen fysik funksjonshemma med omfattande hjelpebehov
  • Er heilt avhengig av praktisk hjelp for å kunna bu i eigen bustad eller omsorgsbustad eller treng opplæring for å meistra kvardagslege gjeremål

Saksgangen:

  • Når søknad er motteken, avtalar vi (lenk heimetenesta) snarast eit heimebesøk.
  • Det blir gjort individuell kartlegging og vurdering ved utmåling av storleik på tenestetilbodet
  • Det blir gjort ein IPLOS kartlegging(link til dette)
  • Det blir fatta vedtak på konkrete tenester, kor mange timar og event. eigenbetaling
  • Når du får innvilga praktisk hjelp og bistand /heimehjelp, startar hjelpa opp.etter avtale med deg.
  • Tenestetilbodet blir jamleg evaluert og blir endra om det er endringar i ditt hjelpebehov.

For at tilsette i Tiltak funksjonshemma skal kunna yte god hjelp, kan det vera behov for å stilla som vilkår at heimen vert fysisk tilrettelagt med utstyr og hjelpemiddel.

Pris:

Det er eigenbetaling for praktisk bistand/heimehjelp etter statlege og kommunale satsar. Prisen vert rekna ut etter nettoinntekt.

Pris vert rekna ut frå det som er rimelegast for deg, anten time- eller månadsabonnement. Beløpa vert justerte årleg.

Sist endra 15.03.2017

Kontakt

Marit M.  Nielsen
Marit M. Nielsen
Leiar tiltak for funksjonshemma
Mobil: 476 40 654
Ingebjørg Børnes
Ingebjørg Børnes
avdelingsleiar Grønebakkane
Telefon: 56 32 78 31
Mobil: 482 04 179