Kommunal omsorgsbustad

Vi har kommunale utleigebustader tilrettelagt for personar med psykisk utviklingshemming og nedsett funksjonsevne. Bustadane ligg i Grønebaksvegen sentralt i Skogsvågskiftet. Det 4 mannsbustader, tomannsbustader og rekkjehus med 4 bustader. Alle er universelt utforma.

Du må i tillegg søkje andre hjelpetenester  for eksempel praktisk hjelp og bistand, heimehjelp eller heimesjukepleie. Desse blir gitt frå vår personalbase som er bemanna heile døgnet. Du må ha innvilga tenester frå oss for å få tildelt bustad.

Omsorgsbustader er ikkje ei lovpålagt oppgåve, men eit kommunalt tilbod til innbyggjarar med særskilde behov for tilrettelagt bustad.

Kven kan søkja?

  • Menneske med psykisk utviklingshemming med varige hjelpebehov i kvardagen
  • Unge vaksne med fysisk funksjonshemming med varig hjelpebehov i kvardagen

Saksgang:
 

Søknaden blir behandla i Bustadsosialt team og du får ein tilbakemelding på din søknad.

  • Søkjar er ofte kjent for Tiltak funksjonshemma  og vi kjenner til hjeptebehova ut frå  at ein allereie har tenester frå oss og har og utflytting som eit mål i Individuell plan .  Bustad blir tildelt ved ledig bustad.
  • Om søkjar ikkje er kjent vil Tiltak funksjonshemma vil ta kontakt for å kartleggje dine hjelpebehov ut frå søknad om bistand i heimen
  • Saka blir etter dette  drøfta igjen i Bustad sosialt team . Bustad blir tildelt ved ledighet.
  • Sund eigedomsselskap A/S  vil inngå ein leigeavtale med deg
  • Sund kommune fattar vedtak om at du er tildelt kommunal omsogsbustad og det blir og fatta vedtak om tenester før innflytting

Det må søkjast om bustad i god tid før ein ynskjer å flytte ut frå heimen, og det er viktig at tema blir drøfta i Ansvarsgruppa og at det blir teke inn som mål i Individuell plan.

Korleis søkja?

  • Fyll ut søknadsskjema og send til Sund Eigedomsutvikling KF, Postboks 23, 5371 Skogsvåg

Spørsmål eller hjelp?

Har du spørsmål eller treng hjelp til utfylling av søknad?

Kontakt  :Tiltak funksjonshemma på telefon 56 32 78 31

Ynskjer du hjelp til å kjøpe eigen bustad?

Om du ynskjer å kjøpe eller byggje  din eigen bustad i Sund kommune, ta kontakt med NAV for råd og rettleiing om bustad sosiale virkemidler/ Tilskotsordningar frå Husbanken.

Dersom du kjøper eigen bustad kan du søkje om tenester i heimen  på lik linje som om du bur i omsorgsbustad.

 

Sist endra 15.03.2017

Kontakt

Ingebjørg Børnes
Ingebjørg Børnes
avdelingsleiar Grønebakkane
Telefon: 56 32 78 31
Mobil: 482 04 179