Brukarstyrt personleg assistent (BPA)

Kva er BPA?

BPA er praktisk og personleg hjelp i dagleglivet til personar med nedsett funksjonsevne og omfattande behov for hjelp i det daglege.

Kommunen gjer vedtak om mengda hjelp pr. veke. Du  kan sjølv velja når du vil bruka assistenten, kva vedkomande skal gjera . Du blir sjølve med i prosessen og velje  kven som skal vera assistenten din. Målet er at du skal ha eit mest mogeleg aktivt liv, trass i funksjonshemminga.

Kven kan søkja?

Du som har nedsett funksjonsevne. Familiar til barn med nedsett funksjonsevne.

Ordninga føreset at du må kunna rettleie assistenten sjølv (ta arbeidsleiarrolla) eller finna andre som tek arbeidsleiarrolla.

Korleis søkja om tensester organisert som BPA?

Fyll ut skjema og send dette til:

  • Sund kommune, postboks 23, 5371 Skogsvåg

Dersom andre søkjer for deg, må du legge ved signert fullmakt.

Spørsmål eller hjelp?

Har du spørsmå eller treng hjelp til utfylling?

Kontakt Tiltak funksjonshemma på telefon 56 327831, vekedagar mellom kl. 08.00 og 15.30

Generell informasjon

Saksbehandlar vil ta kontakt for eit heimebesøk så snart råd er etter at søknad er motteken. I samtale med deg vert hjelpebehova konkretisert. Det vert vurdert om denne ordninga vil fungere i din situasjon og om anna type hjelp kan vera aktuell.

Du/De  vil/kan  vera med i prosessen med å lyse ut og tilsette assistentar.

Sist endra 15.03.2017

Kontakt

Marit M.  Nielsen
Marit M. Nielsen
Leiar tiltak for funksjonshemma
Mobil: 476 40 654