Arbeids og opplæringssenter

Arbeids- og opplæringssenteret ligg i Skogsvåg. Dette er i hovudsak eit dagsenter for vaksne utviklingshemma.

På arbeids- og opplæringssenteret driv ein med ulike aktivitetar som produksjon av ulike produkt for videresal.

Ein har og sal av bakervarer på bestilling.

I tillegg driv ein og med veiledning og opplæring i daglege gjeremål ut frå individuelle behov.

Vi har samarbeid til vidaregåande opplæring med utplassering av utviklingshemma frå kommunen som har arbeidstilvenning her. I samarbeid til andre kommunale instanser kan vi og i nokon høve gje tilbod til andre for kortare kartlegging og utprøvingstiltak.

Arbeids-og opplæringssenteret er bemanna med fast personale der alle er fagarbeidarar/hjelpepleiarar.

Brukarar av denne tenesta har enkeltvedtak på tenesta ut frå Lov om sosiale tjeneste Kap. 4A-2.

Fagleg ansvarleg og kontaktperson for nye brukarar er fagleiar i tiltak for funksjonshemma.

Sist endra 21.03.2017

Kontakt

Arbeids- og opplæringssenter
Telefon: 56327825/26
Mobil: 975 20 995