Legevakt

Fjell, Sund og Øygarden kommune har eit interkommunalt samarbeid om legevakttenesta, Sotra legevakt.

Telefon: 116 117 eller 56 31 43 70

Kven skal du ringja når du treng hjelp?

  • Ring fastlegen din i opningstida. Fastlegen er din hovudkontakt inn i helsevesenet, og om det er mogeleg, bør du alltid ringja hit fyrst.
  • Legevakta 116 117 eller 56 31 43 70 når fastlegen ikkje er tilgjengeleg og hjelpa ikkje kan venta.
  • 113 ved livstruande skade eller sjukdom

Opningstid:

Legevakta er døgnopen. Du må ringja legevakta før du kjem. Telefonen vert svart av sjukepleiar, som vil vurdera kor mykje situasjonen hastar og gje deg råd eller setja deg opp til time hjå legen.

Pris:

Eigendel for konsultasjonar på legevakta, uansett når på døgeret, er statleg regulert. Vi ønskjer at du betalar med kort. Du må også betala for materiell som vert brukt.

Kva kan vi hjelpa deg med?

  • Råd og rettleiing på telefon
  • Behandling av akutt skade og sjukdom
  • Ved mindre alvorleg skade eller sjukdom vil du bli vist til din eigen fastlege

 

Kart
Sotra Legevakt

 

 

 

 

 

Sist endra 30.01.2017

Kontakt

Sotra Legevakt
Telefon: 116117/56314370