Skulehelsetenesta

Skulehelsetenesta i Sund kommune skal vidareføre det arbeidet som starta i helsestasjonen. Tenesta skal samarbeide med elevar, foreldre og lærarar for å skape ein helsefremjande skule med vekt på helse, trivnad og tryggleik. Den skal medverka til at elevane tek ansvar for eiga helse.

Skulehelsetenesta er eit lavterskeltilbod, det skal vere lett å ta kontakt med helsesøster. Tenesta er gratis for brukarane. 

Helsesøster bidrar også med undervisning i aktuelle tema etter skulen sitt ønskje, og kan også delta på foreldremøter. Helsesøster og lege har taushetsplikt. I skulehelsetenesta vil du først og fremst møte helsesøster. Helsesøster har fast treffetid på alle skulane etter oppsett plan. I trefftida på skulane, kan elever, foreldre og lærarar ta kontakt med helsesøster. Ein kan også ringja Sund helsestasjon for å bestille time hos helsesøster på skulen. Skulelege er å treffe på ungdomsskulen ein dag i månaden. Fysioterapeut tar kontakt med elevane etter henvisning frå helsesøster.

For at elevane skal få den hjelpa dei har trong for og krav på, samarbeider helsesøster med skulen og andre instanser. Dette skjer sjølvsagt i samråd med den einskilde elev. Helsesøster henviser til andre instanser dersom det er behov for det. Tenestetilbod i skulehelsetenesta er for eksempel samtale med elevane, individuellt eller i grupper, konsultasjon, oppfølging ved behov, helseopplysning/veiledning, tilbod om vaksinasjon. I tillegg gjev skulehelsetenesta informasjon om prevensjon i ungdom- og videregåande skule.

Målgruppe :

  • Alle born og unge i barne-, ungdom- og vidaregåande skule.
Sist endra 24.10.2016