Kommunepsykolog for barn og unge

Psykologtenesta er eit lågterskeltilbod for born, unge og deira familiar. Tenesta er organisert under helseeininga og er ein del av helsestasjonen og skulehelsetenesta sitt tilbod.

Psykologens faglege kompetanse skal bidra til å styrke det tverrfaglege samarbeidet kring barn og unge og å bidra med tidleg intervenering og behandling for å førebyggje psykiske problem og lidingar. Psykologen gir tilbod om direkte hjelp til barnet, ungdomen og familien, men bidrar også med konsultasjon og rettleiing til anna personell som arbeider med barn og unge. Det er ei målsetjing å vere lett tilgjengeleg og med kort ventetid.

Målgruppe:

  • Born, unge og deira familiar som bur i Sund kommune. Alder 0-20 år.

Dømer på typiske årsaker til kontakt i ulike aldersgrupper:

  • Sped- og småborn med søvn- og reguleringsvanskar, kontaktvanskar/ tilbaketrekking, tilknytingsvanskar, raserianfall, engstelse.
  • Skuleborn med vanskar knytt til sinneutbrot, angstproblematikk, nedstemthet, foreldrekonflikt, åtferdsvanskar, mobbing, encoprese, spiseforstyrringar
  • Ungdom med lettare angst og depresjon, sjølvskading, foreldrekonflikt, skulevegring, åtferdsvanskar, m.m.

Tilbod:

Konsultasjon, utgreiing/ vurdering, avgrensa individualbehandling/ -terapi, samspelsintervensjonar, tilknytingsfokusert familiearbeid, rettleiing.

Anna:

Kommunepsykologen er ein del av kriseteamet i kommunen (ved sorg, krisar og katastrofar). Psykologen er også engasjert i kommunen sitt folkehelsearbeid, førebyggjande arbeid, tverrfagleg samarbeid/ rettleiing og kompetanseutvikling.

Stad:

Kommunepsykologen har kontor på helsehuset i Skogsvåg

Pris:

Tenesta er gratis.

Sist endra 23.03.2017

Kontakt

Atle S. Jensen
Kommunepsykolog for barn og unge
Telefon: 56 32 75 00