Helsestasjon ungdom

Helsestasjon for ungdom held til på Sartor Storsenter i 4. etg. (over kjempegøy.no)

Du treng ikkje bestille time på førehånd.Helsestasjon for ungdom er eit tilbod for for alle unge som bur i Fjell, Sund og Øygarden. Målgruppa er ungdom frå 13 til 23 år. Du vil ikkje bli avvist om du er eldre.Tilbodet er gratis. Du kan også kontakta oss på telefon 55 09 68 02.

Opningstid:

  • Mandag : kl. 13.00 - 17.00 (lege tilstades kl. 14.00 og 17.00)

  • Tysdag: kl. 13.30 - 17.00 (lege tilstades kl. 13.00 - 16.00)

  • Onsdag : kl. 13.00 - 17.00

NB! Vi fylgjar skuleruta (stengt i skuleferiane), men held ope i heile juni og august.
 

Kva kan vi hjelpa deg med?

Du kan få informasjon, samtale og hjelp når det gjeld fysisk, psykisk og seksuell helse. Vi har teieplikt.

Aktuelle tema:

  • prevensjon
  • seksuelt overførbare sjukdomar
  • seksuell identitet
  • graviditet/ abort
  • rus
  • konflikter/vold
  • psykiske vanskar/tristhet /angst