Helsesøster for flykting og asylsøkjar

Sund helsestasjon vil sørgje for at nykomne flyktningar, asylsøkjarar og familiegjenforente får tilbod om helsetenester.

Flyktningar og asylsøkjarar  som bur i kommunen har rett til somatisk og psykisk helseteneste på same måten som andre som bur i kommunen. Når dei kjem til kommunen får dei tilbod om helsesamtale og gratis undersøking hjå lege og tannlege.

  • Dei som kjem direkte til Noreg vert innkalla på helsestasjonen for 1. gongs undersøking og vidare oppfølging i samarbeid med lege.
  • Tuberkuloseoppfølging (pliktig 14 dagar etter innreise), blodprøvar, kartlegging av fysiske og psykiske tilstandar som eventuelt treng  behandling og oppfølging vert gjennomført.
  • Tilbod om vaksinar.
  • Borna vil følgje det ordinere helsestasjonstilbodet 0-18 år.
  • Vidare oppfølging for alle flyktningar, der ein samarbeider tverrfagleg med andre kommunale einingar utifrå behov.

 

For personar under 18 år er det ikkje eit vilkår at personen har lovleg opphald.

For personar over 18 år utan lovleg opphald gjev lova rett til nødvendig helsehjelp

Sist endra 29.03.2017

Kontakt

Nina Beate Eraker
Helsesøster for flyktning
Telefon: 56 32 76 14