Frisklivsentralen

Bilete av hav og himmel - Klikk for stort bilete Frisklivssentralen i Sund kommune er eit helsetilbod i samarbeid med Fjell, Sund og Øygarden kommuner der primært livvstilsendring gjennom aktivitet og trening står i fokus.

Frisklivssentralen i Sund har eit nært samarbeid med Frisklivs – og Meistringsenteret på Straume i Fjell kommune og kan ved behov henvise til eigne kurs ved FMS, til dømes livsstils og endringskurs, meistringskurs samt røykesluttkurs og bra mat kurs.

Frisklivssentralen er ei helsefremmande og forebyggjande kommunal helseteneste. Målgruppa er dei som har auka risiko for, eller som har utvikla sjukdom og treng støtte til å endre levevanar og meistre helseutfordringar.

Frisklivssentralar skal fremje fysisk og psykisk helse og forebyggje eller begrense utvikling av sjukdom ved å:

  • gje støtte til å endre levevanar og meistre helseutfordringar
  • gje rettleiing som rettar merksemda mot friskressursar for helse og livskvalitet
  • understøtte brukarane si eiga læringsprosess
  • gje tilbod så tidleg som mogleg ved auka risiko for sjukdom
  • gje hjelp til å finne frem til lokale tilbod og aktivitetar som passer for den einskilde brukar
  • styrke innbyggjaranes kunnskap om levevanar og helse
  • vere ein samarbeidspartner i kommunens folkehelsearbeid.

Frisklivsentralen bidrar i folkehelsearbeidet gjennom veiledning og informasjon til befolkninga, og ved å bidra i oversiktsarbeidet som en del av grunnlaget for kommunale planprosesser. Dokumentasjon frå frisklivssentralens arbeid kan avdekke behov for folkehelsetiltak både i og utenfor helsetenesten.
 

Kontakt

Willy Marthinussen
Ergoterapeut
Telefon: 56339723