Informasjon om sjølvbetening

Tenestene er utvikla for å gje innbyggjarar og næringsliv lettare tilgang til sjølvbetening og innsyn i kommunal forvaltning. Førebels er det eit avgrensa tal på tenester som er tilgjengelege på heimesida vår.

Søkjarar som sender inn eit elektronisk skjema, får tildelt eit referansenummer. Dette nummeret er ei kvittering på at søknaden er sendt inn. Pålogga søkjarar vil alltid kunne finne igjen dei innsende søknadene i det personlege arkivet sitt.

Dei elektroniske tenestene våre:

  • Skjema
    Heimesida vår inneheld fleire elektroniske skjema. Dei er laga slik at søkjaren blir rettleia gjennom søknadsprosessen, mellom anna med hjelpetekst og lenkjer til relevante informasjonskjelder. Kvart skjema inneheld også ei rekkje kontrollmekanismar som sikrar at det er tilstrekkeleg utfylt før innsending.

    Ein må ha ei pålogging til tenesta for å kunne nytte dei elektroniske skjema.
  • Innsyn
    Du har innsyn i postlister, saker og politiske dokument. Denne tenesta krev ikkje registrering. 

Krav til bruk
I Sund kommune har vi valgt at søkjarar registrerer seg, då dette gir ein del fordelar og meirverdi for søkjarane - som førhandsutfylling av einskilde felt, mellomlagring av skjema og eit personleg arkiv over innsende skjema.

For å registrere deg som brukar i sjølvbeteningsportalen til Sund kommune, må du oppgi førenamn, etternamn, e-post og velje deg eit passord. Når du klikkar inn på sjølvbetjening på heimesida til Sund får du opp ein oversikt over kva du små fylle ut. Det ligg og ein personvernerklæring du må lese, og hake av for å bekrefte at denne er lest. Klikk så på "Opprett bruker".

Les personvernerklæring her.

Når du har gjort dette får du følgjande beskjed : "Du vil nå motta ein lenke til e-postadressen du registrerte deg med. For å aktivere kontoen må du benytte lenken du fekk tilsendt." Klikk på lenka som du har fått tilsendti e-post. Klikk så på knapp "Aktiver" for å aktivere kontoen din. Etter at konto er aktivert kan du logge inn med e-post adressa di som brukarnamn og passord du har valgt.

Hjelp og støtte
Sund kommune yter hjelp ved brukarproblem med portalen, blant anna påloggingsproblem, problem med å søkje på stillingar og andre relevante problem. Ta kontakt med Irene Kristin Melkevik på telefon 56 32 75 55.

Sist endra 05.10.2011
Kontakt
Telefon :
56 32 75 55
E-post :
irene.k.melkevik@sund.kommune.no
Bunnhjørne
padlock