Politisk organisering i Sund

I fylgje kommunelova § 6. fyrste avsnitt er kommunestyret det øvste kommunale organet i kommunen. Kommunestyret gjer vedtak på vegne av kommunen så langt ikkje anna fylgjer av lov eller delegasjonsvedtak.

Kommunestyret vert vald av kommunen sine røysteføre innbyggjarar etter reglar fastsett i lov. Valet gjeld for fire år. Jf. § 7, punkt. 1.

 

§ 7 pkt. 2 seier at kommunestyret sitt medlemstal skal vere eit ulike tal, og at kommunar med mellom 5.000 - 10.000 innbyggjarar skal ha minst 19 medlemmar.

Sund kommune har omlag 6.000 innbyggjarar og kommunestyre er samansett av 25 medlemmar.

I fylgje kommunelova § 8. pkt. 1, om formannskap heiter det at kommunestyret vel formannskap på minimum 5 medlemer.

Sund formannskap har 7 medlemmar.

Formannskapet handsamar framlegg til økonomiplan, årsbudsjett og skattevedtak. Elles fastset kommunestyret sjølv område for formannskapet si verksemd. Formannskapet kan tildelast avgjerslemynde i alle saker der ikkje anna fylgjer av lov.

I § 10, pkt 1, om faste utval og komitear heiter det mellom anna at kommunestyret sjølv kan opprette faste utval for kommunale formål eller for deler av den kommunale verksemda. Slike utval skal ha minst 3 medlemer.

 

Sist endra 30.01.2013
Kontakt
Telefon :
56 32 75 54
E-post :
oddlaug.hansen@sund.kommune.no
Bunnhjørne
Aktuellt
Regionale Selskap (2)
padlock