Fakta om Sund kommune

Sund er eit øydistrikt, der landskapet er prega av fjordar, vågar og viker, sjø og vatn. Området er kupert, med småmyrer innimellom dei tallause bergnakkane.

Bilete av molo på Viksøy
Molo Viksøy

Sund kommune ligg på søre del av øya Sotra, vest for Bergen. Kommunen har eit areal på 94,8 km2, og  kystlina er 110 km lang. Sund kommune vart landfast i 1972 då Sotrabrua opna.

Kommunen si grense stammar frå 1886 då Austevoll kommune i sør og Marsteinen Fyr vart skilt frå som eigen kommune. Næraste nabo i vest er Shetland, 180 nautiske mil rett vest.

Korsfjorden som skil Sund og Austevoll kommunar, er meir enn 600 meter djup. Historisk er Korsfjorden den mest nytta innsegling frå sør til Bergen hamn. Lostenesta har difor sterke tradisjonar i området. I dag held Viksøy Losstasjon tradisjonen vidare.

Sund kommune er sett saman av 466 øyar, holmar og skjær. Det høgste punkt i kommune er Førdesveten (284 m.o.h)

Til Sund kommune kjem du med bil. Følg RV. 555 omlag 30 min. frå Bergen. Tide-buss brukar omlag 45 min. frå Bergen sentrum. Alternativt kan du nytta Tide sine bussruter til Hjellestad og bilferja M/S Fjordgard til Klokkarvik.

 
Sist endra 23.03.2012
Kontakt
Telefon :
56 32 75 00
E-post :
postmottak@sund.kommune.no
Bunnhjørne
Aktuellt
Aktuelle linkar (1)
padlock