Kart og oppmåling

Kart over SundKart over Sund Kommunen er lokal matrikkelstyresmakt, og har under dette ansvar for å utføre oppmålingsforretningar og føre matrikkelen i kommunen.

Eigedomsregisteret har namnet Matrikkelen og inneheld opplysningar om eigedomar, adresser, bygningar og eigedomskart. Her kan du få opplysningar om alt som er registrert på din eigedom.

Dersom du ynskjer det kan du finne opplysningar på www.seeiendom.no

For meir informasjon om tenesta, sjå rettleiing.

Ver merksam på at det var først i 1980 kommunen overtok ansvaret for oppmåling, merking, kartfesting og registrering  av eigedomar. Dette inneber at alle eigedomar etter 1980 er registrert med god kvalitet i målebrev. Eigedomar etablert før 1980 er hovudsakeleg oppretta gjennom skylddelingsforretning (skyldskifte). Desse har ikkje kartfesta og oppmålte grenser, dersom det ikkje er halde ny kartforretning.

Servicekontoret hjelper deg med:
Situasjonskart til søknader om deling av eigedom, plansaker og bygging. Lister med namn på grunneigarar i samband med nabovarsling.

I servicekontoret kan de og be om å få ulike søknadsskjema.

Sist endra 07.01.2014
Kontakt
Telefon :
56 32 75 20
E-post :
anne.hagenes@sund.kommune.no
Tittel :
Leiar kart og oppmåling
Bunnhjørne
Telefon :
56327527
E-post :
hans.o.kannenberg@sund.kommune.no
Tittel :
Kart- og oppmålingsingeniør
Bunnhjørne
Aktuellt
Eksterne lenker
padlock