Samanslåing av eksisterande eigedomar

Matrikkeleiningar som ligg i same kommune og har same heimelshavar, kan slåast saman. Festeeiningar kan slåast saman dersom dei ligg til eller er utskilt frå same grunneigedom, og festekontraktane har same innhald og gjeld mellom same partar. Samanslåing kan ikkje skje i strid med føresegner gitt i eller i medhald av anna lovgiving.

Samanslåing kan krevjast av den som har grunnboksheimel som eigar til vedkommande matrikkeleiningar.

Departementet kan i forskrift gi nærare reglar om samanslåing, under dette innskrenke og utvide høvet til samanslåing.

Sjå i Matrikkellova § 18.

Sist endra 06.05.2011
Kontakt
Telefon :
56 32 75 20
E-post :
anne.hagenes@sund.kommune.no
Tittel :
Leiar kart og oppmåling
Bunnhjørne
Aktuellt
Tjeneste (1)
padlock