Sund Eigedomsutvikling KF

SEU, Sund Eigedomsutvikling KF - trivsel i egen heim.

Vi er eit kommunalt foretak med føremål etablering av utleigebustader, forvaltning, drift og vedlikehald av desse.

PsykiatribustaderPsykiatribustader Føretaket er oppretta med heimel i kommunelova kap. 11, jfr lov av 25.09.92 nr 107.

Sund eigedomsutvikling KF vart etablert i 2004, og starta drifta i januar 2005. Kontoret vårt ligg plassert i kommuneshuset i Skogsvåg.

Verksemda er ikkje eit eige rettssubjekt, og arbeidsgjevaransvaret ligg til Sund kommune som eigar av føretaket. Kommunelova, forvaltningslova og offentlighetslova gjeld for føretaket.

Bustadsosial handlingsplan ligg til grunn for føretaket si verksemd. Føretaket har teke over dei kommunale bustadene frå 1.1.2005.

Sund Eigedomsutvikling KF har tilsaman 76 kommunalt eigde bustader. Det er 38 omsorgsbustader for ulike grupper som ligg sentralt i Skogsvåg, samt 38 vanlege utleigeeiningar plassert i bygdene i Sund (leiligheter/einebustader).

I tillegg til dette har vi og plass til 4 barn i døgnavlastning i Skogsskiftet.

Sund Eigedomsutvikling leiger og inn leiligheter/hus frå private huseigarar i kommunen.

Sist endra 14.05.2013
Kontaktpersoner
Telefon :
56 32 75 98
Mobil :
930 42 098
E-post :
nina.glesnes@sund.kommune.no
Tittel :
Dagleg leiar
Bunnhjørne
Telefon :
56327598
E-post :
marianne.kallestad@sund.kommune.no
Tittel :
Kontormedarbeider
Bunnhjørne
Aktuelt
Artikkel (1)
padlock