Barneverntenesta i Sund

Barneverntenesta i Sund kommune skal ivareta dei oppgåver som er omtala i Lov om barneverntenester. Eit overordna prinsipp for barneverntenesta sitt arbeid er at tiltak som skal setjast i verk er til barnet sitt beste. Ei barnevernundersøking er nærare kartlegging av korleis barnet og familien har det, og evt. kva tiltak som kan vere til hjelp.

Barneverntenesta skal sikre at barn og unge som lever under tilhøve som kan skade deira helse og utvikling, får nødvendig hjelp og omsorg til rett tid. Tenesta skal også medverke til at barn og unge får trygge oppvekstvilkår. Ansvarsområdet gjeld for barn under 18 år.

Formidling av kontakt til andre instansar:
Barneverntenesta kan formidle kontakt til andre instansar i hjelpeapparatet. I saker der ein ser at det er naudsynt og nyttig med hjelp og oppfølging frå andre instansar enn barneverntenesta, kan me hjelpe foreldre og barn / unge med å kontakte desse. Formidling av kontakt vert gjort etter at barneverntenesta har motteke ei melding.


Dette legg barneverntenesta vekt på :

  • At omsynet til barnet sitt beste skal vege tyngst
  • Samarbeid med foreldra
  • Hjelp til sjølvhjelp
  • Rett hjelp til rett tid
  • Å vere åpen overfor foreldra i barnevernsaker
  • Teieplikt i barnevernsaker
Sist endra 08.11.2013
Kontaktpersoner
Telefon :
56 32 75 00
Mobil :
97 18 20 30
Bunnhjørne
Aktuelt
Artikkel (1)
Tenestebeskriving (1)
Eksterne lenker
padlock