Matrikkelinformasjon

Det følgjer av matrikkellova §3 bokstav a) og §4, at matrikkelen er landet sitt offisielle register over fast eigedom, og under dette bygningar, bustader og adresser.

Alle har rett til innsyn i matrikkelen. Sentral matrikkelstyresmakt og kommunane skal syte for at informasjon om matrikkelen er tilgjengeleg på førespurnad.

Matrikkelopplysningar kan utleverast for:

  • offentleg planlegging, saksbehandling og administrasjon
  • oppgåver etter denne lova, plan- og bygningslova eller eigarseksjonslova,
  • ved søknad om offentleg løyve, eller
  • for å ta hand om andre interesser knytte til rådvelde over matrikkeleiningar eller bruken av dei.

Matrikkelinformasjon kan utleverast for andre formål dersom den som får opplysningane utlevert skal ta i vare ei rettkommen interesse, og omsynet til personvernet for dei registrerte ikkje overstig denne interessa.

Norsk Eiendomsinformasjon AS skal formidle matrikkeldata - informasjon fra Matrikkelen - til det kommersielle markedet.

Statens kartverk skal sjølv distribuere matrikkelinformasjon til partane i Norge digitalt og til statlege registre som Folkeregisteret, Enhetsregisteret og Postkretsregisteret.

Sist endra 21.03.2012
Kontaktpersoner
Telefon :
56 32 75 20
E-post :
anne.hagenes@sund.kommune.no
Tittel :
Leiar kart og oppmåling
Bunnhjørne
Aktuelt
padlock