Ny næring i gamle naust

I Sund kommune treng me fleire naust/bygg eigarar som ynskjer å delta i prosjektet "Ny næring i gamle naust" som pilot/prøve prosjekt.


Sund kommune deltek i eit prosjekt for å sikra kystkulturarven gjennom å leggja til rette for ny bruk i gamle kystbygningar og naust.

Vi talar såleis om eksisterande gamle bygg som tidligare har vore brukt til næringsføremål. Det er gjerne bygg som treng vedlikehald, men det kan ikkje vere bygg der forfallet er kome for langt. Eigarane må sjølve stå ansvarleg for kostnadane.

Bygget må ha ein kulturverdi som det er ønskjeleg å ta vare på. Det er såleis ikkje tale om eige, privat bruk for eigar, slik som til bustad eller hytte eller eige fritidsbruk. Då er det ikkje næringsverksemd.

Kommunen/arbeidsgruppa står fritt til å velja ut kven som kan koma med i denne omgang. Dei som ønskjer å delta må senda inn ei skildring av naustet og kva tankar dei har om framtida for dette.

Er du interessert i å delta i prosjektet eller meir informasjon må du ta kontakt med ordføraren på mobil 48028240 eller Sverre Sangolt mobil 97133041.

Sist endra 20.08.2012
padlock