Fakta om Sund

Sund kommune ligg på søre del av øya Sotra, vest for Bergen. Kommunen har eit areal på 99,3 km2. Kystlinja er 110 km lang. Sund kommune vart landfast i 1972, då Sotrabrua opna. Talet på innbyggjarar er 5.606 pr. 01.04.2006.
Kart over Sund
Fakta om sund - kart
Kommunen si grense stammar frå 1886 då Austevoll kommune i sør og Marsteinen Fyr vart skilt frå som eigen kommune. Næraste nabo i vest er Shetland, 180 nautiske mil rett vest.

Korsfjorden som skil Sund og Austevoll kommunar, er meir enn 600 meter djup. Historisk er Korsfjorden den mest nytta innsegling frå sør til Bergen hamn. Lostenesta har difor sterke tradisjonar i området. I dag held Viksøy Losstasjon tradisjonen vidare.

Sund kommune er sett saman av 466 øyar, holmar og skjær. Det høgste punkt i kommune er Førdesveten, 284 m.o.h

KOMMUNIKASJON:
Til Sund kommune kjem du med bil ( RV. 555 ) på omlag 30 min. frå Bergen. Tide-buss brukar omlag 45 min. frå Bergen Bystasjon. Alternativt kan du nytta Tide sine bussruter til Hjellestad og bilferja M/S Fjordgard til Klokkarvik.

KLIMA:
Nesten som Sahara. Temperatur på Sotra er mellom dei høgaste i landet, med gjennomsnitt 7.6 C* for heile året. For sommarmånadene juni - august er snitt temperatur 12,8 C* og kaldast i februar med eit snitt på 2,1 C*.

Mengde nedbør på Sotra er vesentleg lågare enn i Bergen. Kvart år fell det i snitt 1.328 mm nedbør på Sotra, mot 2.250 mm i Bergen. Golfstraumen førerer varmare vatn til kysten vår.

VERD Å VITE:
Hovudbergarten i området er gneis som vart danna for om lag 2 milliardar år sidan. Fargen er varierande frå gråleg/beige til mørkare og rosa farge.

Regionen vest om Bergen var den første del av Noreg som blei fritt for is etter siste istid for meir enn 12.000 år sidan. M.a. på øya Tekslo kan du sjå skuringsstiper i berget etter istida. På Risøyna er det funne spor etter menneske som har levd for 9 - 10.000 år sidan.

For 3 - 4000 år sidan brann ein skogen på Sotra for å få lynghei til jordbruk. Då skogen forsvann og grunnvatnet steig, blei det danna torvmyr. Torv blei nytta til brensel heilt fram til 1950 åra. Første el. verk kom til Klokkarvik i 1934 med vatn frå Sundsvatnet og Lensmannsvatnet. El. framføringa blei vidare utbygd frå 1947. Siste vågekval i Skogsvågen blei fanga på byrjinga av 60-talet.

FISKARBONDEN:
Fiske kombinert med jordbruk var grunnlaget for busettinga i Sund kommune fram til 50-talet. Svartår for vintersildfiske har redusert fiske som næringsveg. I 1997 var det 65 yrkesfiskarar i Sund kommune. Naustmiljøa med sjøbu, naust, notabu, nothengje saltebu og barkehus/grue som var knytt til tungardane er fleire stader for det meste intakte.

Jordbruk. Før den lovpålagte utskiftinga på 1800 - talet var det vanleg med tun som ofte omfatta 4 gardar. Frå midten av dette århundre skjedde det dramatiske endringar i bumønster i bygdene. Dei fleste gardane måtte flytte. Framleis finn vi tradisjonelle gardshus som lemstove, eldhus, løe med flor, potetkjellar, torvhus, smaleflor og skjeneflor (bygd i gråstein i steingarden mellom innmark og utmark for kyr.) I dag er 53 småbruk i drift i kommunen.

FLORA OG FAUNA:
Vegetasjonen på Sotra ligg for det meste i retning nord - sør. Dei fleste andre stader har øst- vest vegetasjon. Dette gjer større forskjellar mellom Sund og Os kommune enn mellom Sund og Frøya kommune på Trøndelagskysten. Det finst truleg 500 planteartar i kommunen.

VERD Å SJÅ:
Handelsstaden Glesvær. Handelsstaden vart etablert av bergensaren Abraham Wessel på slutten av 1600 - talet. Abraham Wessel som var bestefar til Tordenskjold hadde privilegium frå danskekongen å driva handel ute ved havet og bygde seg opp til å eige store eigedomar i Sund kommune. Våningshuset på Glesvær har lik byggestil som dei bergenske borgarhus frå 17/1800 - talet.

Sund Kyrkje, Klokkarvik.
Kyrkja har alltid vore seglingsmerke ved innseglinga til Bergen. Nye Sund kyrkje viser godt frå sjøen , der ho liknar på eit fyrtårn. Gamlekyrkja brann 13. mars 1994. Nyekyrkja blei vigsla 18.mai 1997.

Nordsjøfartmuseet.
Museet tek føre seg Nordsjøfarten med flyktningar, agentar under 2. verdskrig og Telavåg-tragedien. Den vesle bygda Telavåg heilt vest på Sotra, med omlag 400 innbyggjarar, dreiv aktivt hjelpearbeid for nordmenn som måtte flykte under krigen. I april 1942 avsløra ein angjevar dette for tyskarane. Under den etterfølgjande militæraksjonen vart ein Linge-kar og to høgtståande Gestapo-offiserar skotne og drepne. Dette førte til den verste terrorhandlinga som tyskarane gjennomførde i Noreg under krigen.
 
Sist endra 23.01.2012
Aktuellt
Eksterne lenker
padlock