Sund Vatn og Avlaup AS

Sund vatn og avlaup vart skipa i november 1998. Selskapet har ansvar for det som vedkjem dei offentlege vass- og avlaupsanlegga, utbygging og drift av desse. Sund vatn og avlaup AS skal handsama søknader om tilknyting til offentleg vass- og avlaupsleidningar. Sund Kommune skal handsama søknad etter plan- og bygningslova, eigne gebyr etter eining areal sitt gebyrregulativ.

Pumpehus Kørelen vassverk
Bilete av Kørelen vassverk

Private utslepp:
Godkjenning av private utslepp skal handsamast av byggesaksavdelinga i Sund kommune. Jf. forureiningslova. (for eksempel montering av slamavskiljar). Eventuelle spørsmål kan rettast til byggesaksavdelinga i kommunen
på tlf. 56 32 75 00.

Offentlege vassverk:
Kørelen vassverk, Stranda/Glesnes vassverk, Telavåg vassverk, Tyrnevik vassverk.

Slam:
Sund Vatn og Avlaup har ansvaret for tømming av private slamavskiljarar i kommunen. Ordninga gjeld for alle bustadeigedomar i kommunen.Tømming av dei private slamavskiljarane vert utført anna kvart år.

Gebyr:
Sund vatn og avlaup AS har faktureringsavtale med Sund kommune når det gjeld fakturering og innkrevjing av vassgebyr, avlaupsgebyr, tilknytingsgebyr vatn og avlaup samt gebyr for slamtøming. Gebyra vert innkravd over 4 årlige terminar med følgjande forfall.: 28/2, 30/5, 30/8 og 30/11.

Spørsmål vedkommande utfakturering/innkrevjing kan rettast til Sund kommune v/Servicekontoret på tlf. 56 32 75 00.

VAKTTELEFON SUND VATN OG AVLAUP AS: 995 06 410
Skal berre nyttast ved akutte feil på offentlege vass- og avlaupsnett.

 
Sist endra 21.03.2012
Kontaktpersoner
Telefon :
56 31 92 00
E-post :
postboks@sundva.no
Tittel :
Dagleg leiar
Bunnhjørne
Skal berre nyttast ved akutte feil på offentlege vass- og avlaupsnett.
Telefon :
995 06 410
Bunnhjørne
Aktuelt
Aktuelle linkar (1)
padlock