Arbeidsgjevaravgift

Alle som har folk tilsett i si teneste, skal svara arbeidsgjevaravgift av løn og anna godtgjersle som vert utbetalt til dei tilsette og som skal lønsmeldast.

Det same gjeld den som engasjerer nokon til å utføra eit oppdrag, når oppdraget ikkje er å sjå på som ein lekk i sjølvstendig næringsverksemd for oppdragstakar.

Skattefrie institusjonar, foreiningar, offentlege etatar, private personar mm. skal betala arbeidsgjevaravgift når dei er arbeids- eller oppdragsgjevar. Det finst einskilde unntak, som vert omtalte seinare.

Løn og anna godtgjersle - folketrygdlova § 23 - 2:
Abeidsgjevar skal betala avgift av brutto løn og anna godtgjersle for arbeid og oppdrag i og utanfor tenesteforhold som han pliktar å lønsmelda. Arbeidsgivaravgifta vert fastsett i prosent av det beløp som skal lønsmeldast for vedkommande år.

Plikta til å betala arbeidsgjevaravgift gjeld sjølv om beløpet ikkje skal lønsmeldast på grunn av beløpet størrelse, jf. folketrygdloven § 23-2, 1. ledd.

Det skal ikkje betalast arbeidsgjevaravgift når arbeidet eller oppdraget er utført som ledd i sjølvstendig næringsverksemd. Av godtgjersle til medlemmer i styrer, representantskap, utval, råd og liknande skal det alltid betalast avgift som av lønsinntekt, jf. folketrygdlova § 23-2, 2. ledd.

Naturalytingar:
Av naturalytingar og utgiftsgodtgjersler som skal dekkja utgifter i samband med arbeid, oppdrag eller verv som nemnt i skattelova § 5-10 (1) a og b, skal det betalast avgift i den utstrekning naturalytingane og godtgjerslene skal takast med ved utrekninga av forskotstrekk, sjå skattebetalingslova §§ 5 og 6, jf. folketrygdloven § 23-2, 3. ledd.

Pensjonar og pensjonsforsikringar:
Det skal betalast arbeidsgjevaravgift av arbeidsgjevar - og det offentlege - sitt tilskot til livrente- og pensjonsordningar. Det same gjeld pensjon frå arbeidsgjevar når pensjonen har byrja å løpa etter 1. januar 1988, jf. folketrygdlova § 23-2, 4. ledd.

Sist endra 20.05.2009
Aktuelt
padlock