Skular i Sund

I Sund kommune har vi fem barneskular og ein ungdomsskule.

Vi har Glesnes , Skogsvåg , Stranda , Telavåg og Pollen som alle er barneskular. I tillegg har vi Sund ungdomsskule som ligg på Steinsland. 

Skogsvåg skuleSkogsvåg skule Skulestad/skulekrins
Ta kontakt med spesialrådgjevar Anne Britt Fanekrog, tlf. 56 32 75 59 om du lurer på kva skulekrins barnet ditt soknar til.

SFO
Sund kommune tilbyr skulefritidsordning på alle skulane for barn frå 1. - 4. klasse. Du kan velje plass for inntil 15 timar eller over 15 timar. Dei som har plass med inntil 15 timar har berre SFO etter skuleslutt og fram til kl. 15.30. Dei med over 15 timar har full plass, frå kl. 07.00 før skulestart og fram til 16.30 etter skuleslutt. SFO føl skuleruta og held stengd i alle feriar. Søknadsfristen er 15. mars, og ein skal søkje elektronisk.

Skuleruta
Den einskilde skule si skuleruta kan avvike i høve den kommunale. Gå inn på skulen si heimeside for å sjå.

Klikk på artiklane til høgre i bilete for meir informasjon om den einskilde skule.

Sist endra 26.03.2014
Kontaktpersoner
Telefon :
56 32 75 59
Mobil :
909 76 795
E-post :
anne.b.fanekrog@sund.kommune.no
Tittel :
Spesialrådgjevar
Bunnhjørne
Aktuelt
Skule (1)
Tenestebeskriving (2)
Aktuelle artiklar (1)
Aktuelt (1)
padlock