Publisert 11.04.2014

Onsdag 23. april vert det møte i Saksgruppe næring og utvikling og Landbruksnemnda kl. 16.30 på kommunehuset. 

Publisert 11.04.2014

Onsdag 16. april vert legekontoret stengt kl. 12.00. Dersom de treng legehjelp etter stengetid, ta kontakt med Sotra legevakt på telefon 56 33 26 10.

Administrasjonen på kommunehuset stengjer og kl. 1200 onsdag 27. mars. 

Publisert 11.04.2014
Johannes Kleppevik

Stiftinga Johannes Kleppevik sitt minnefond er i samarbeid med Sund kommune basert på midlar frå Sparebanken Vest. Stiftinga sitt føremål er å fremja kystkulturen i Hordaland.

Kvart år vert det delt ut ein minnepris som går til einskildpersonar, lag eller organisasjonar som på ein framifrå måte har fremja kystkulturen i Hordaland.

Publisert 08.04.2014
ebøker

E-lån Hordaland er eit nytt tilbod i folkebiblioteka i fylket. Over fire hundre titlar er klare til utlån. Førebels er det mest romanar, men også ungdomsbøker og fagbøker. Tilbodet vil snart bli utvida med lydbøker.

Publisert 07.04.2014
Utmarksbrann Kausland

Brannsjefen i Fjell og Sund opphever vedtaket om forbod mot open eld utandørs.

Etter ein del nedbør i helga blir forbodet oppheva. Sotra brannvern vil følgje utviklinga nøye og kan på kort varsel innfør nytt forbod. Dei oppmodar alle til å vere særs varsom med bruk av open eld.

 

Publisert 02.04.2014
kreftkoordinator inger fosse

Kreftkoordinatorstillinga er eit samarbeid mellom Kreftforeningen, Fjell og Sund kommunar.  

padlock