Gard
Ung mann
Unge damer imagemaps
Sund bygdeboknemnd Sund kommune Postboks 23
5371 Skogsvåg
E-post : laila.klemetsaune@sund.kommune..
Telefon
: 56 32 75 00

Faks
: 56 32 75 01
spacerMeny spacer
spacer
spacer
spacer
spacer

Andre lenkjer

Medlemsmøte i sogelaget 24. juni 2010 - Tur til Hernar

Jonsokdagen, i kveldinga, troppa 20 personar i eigne bilar opp på kaien på Hellesøy. Der venta skyssbåten på å frakta oss over til Hernar. Med på turen hadde me to guidar: Alf Sanden, som òg er medlem i sogelaget, og Egil Sæle.

                Kvelden før hadde vore ein av dei uvanlege dagane i havgapet, med strålande sol og svartestille, så vakrare jonsokkveld kunne ein knapt fått. Denne kvelden var vêret framleis roleg, og sola glytte så vidt fram, men det var nokså disig.

                Under båtturen fortalde Alf Sanden om oppveksten sin på Sandøy, og me fekk sjå barndomsheimen hans. På sjølve Hernar tok me ein rundtur opp til garden der han òg hadde budd. Han hadde vore lærar på øya i nokre år.

                Egil Sæle sette øya inn i ein historisk samanheng og viste til gamle, skrivne kjelder. Me fekk høyra soga om den gamle handels- og gjestgjevarstaden, som er frå 1600- og 1700-talet. Skulen på Hernar er nedlagd, men butikk og rutebåt har dei framleis.

                Dei fleste av oss hadde ikkje vore på øya før. Og med alt det interessante dei to karane kunne fortelja og alt me fekk sjå, var det ein svært vellukka tur!


Åshild Nordstrand

Sist endra 25.11.2010
 
Levert av ACOS AS
Kontaktperson Laila Klemetsaune