(Hjem)
Sund kommune
leseweb-sitemap Les teksten høgtNettstadkart
Informasjon Publisert 18.03.2010

Skjemaet finn du under skjema i hovedmeny på framsida til Sund kommune.

Informasjon Publisert 02.10.2009

Sund kommune har vedteke at det skal skrivast ei bygdebok for kommunen. Ho skal innehalda historia til grendene her hos oss, og skal visa ættesoga til dei som bur og har budd i kommunen. Mange kommunar har for lengst skrive si gards- og ættesoge, og mange er i ferd med å gjera dette arbeidet. No er me i gang her i Sund!

Informasjon Publisert 05.09.2008
Frammøte i Porsvika

Sund sogelag skipa til ope medlemsmøte i Porsvika 3. september 2008. 21 personar møtte fram på kaien. Fylkesarkeolog Kjersti Vevatne gav ei fin orientering om steinalderbusetnader og funn. Ho hadde kopiert og delte ut fleire sider med informasjon til kvar av oss.

Informasjon Publisert 05.09.2008
 Dag Bakka i samtale med Oddvar Søreide

Denne gongen var me ikkje så heldige med vêret som sist i Håkonsund. Men dei 25 som var med på turen, hadde ordna seg med regnklede og paraplyar, og truleg var det få som  heldt seg heime på grunn av regnet. Sverre Sangolt hadde ordna med to båtar til å frakta folk, den eine gjekk frå Hope og den andre frå Skagakaien. Han hadde òg fått løyve av eigarane til at sogelaget kunne få koma inn i bygningane, fått «vaktmeisteren» til å låsa opp og engasjert lektor Dag Bakka til å fortelja om staden.

Relaterte ressursar