(Hjem)
Sund kommune
leseweb-sitemap Les teksten høgtNettstadkart

Bibliotek

Sund folkebibliotek finn du på Kulturtorget i Sund senter. På biblioteket kan du låna bøker, lydbøker og filmar. Vi har tilbod både til born og vaksne.

Alle bibliotek i landet samarbeider, så er det ei bok du ikkje finn i Sund folkebibliotek, kan denne tingast frå andre bibliotek. Du vil få ei melding når boka kjem til biblioteket i Sund.

I biblioteket kan du og:

  • lese aviser
  • få hjelp til informasjonsinnhenting
  • lese kommunale sakspapir
  • ta fotokopiar
  • "surfe" på internett
  • slappe av

Og det beste av alt – Alt dette er gratis!

Opningstider er :

  • Må/Ty/Fre kl. 11 - 16
  • Tors kl. 11 - 18.
  • Onsdag STENGD.
  • Biblioteket held ope fyrste laurdag kvar månad frå kl. 11 - 15.
Publisert av Melkevik, Irene Kristin. Ansvarleg Biblioteket. Sist endra 24.03.2010