I tidsrommet frå 16. august til omlag 30. november kan folk i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane sjå eit helikopter som med ein til tre kilometers mellomrom landar i fjæra, på fjelltoppar, eller i kanten av vatn i skjergarden. I helikopteret er ein geofysikar frå Noregs geologiske undersøking (NGU), saman med avansert utstyr for tyngdemålingar.